top of page

Nytt selskap vil rekruttera 100 medarbeidarar i sommar

111.jpg

     Dei har allsidig erfaring frå verfts- og petroleumsindustrien i Norge og i andre land. Nå har dei starta eige firma for rekruttering av fagarbeidarar. Den same gruppa vil byggja sitt eige ingeniørselskap.

     Det nystarta selskapet DAP Solution AS vil i første omgang rekruttera fagarbeidarar både til nybyggings- og ombyggingsprosjekt på verft og offshore.

Gründarane legg lista høgt. Målet er å rekruttera minst 100 medarbeidarar i løpet av sommaren.

 – Men kor realistisk er det å auka talet på tilsette frå null til 100 på eit par månader?

 

Me stiller spørsmålet til styreleiar og dagleg leiar i selskapet Dymitr Siczewski:

 

– Ser ein desse tala i samanheng med kva som har vore vanleg tilleggsbemanning på store og mellomstore verfts-/offshoreprosjekt, er ikkje 100 fagarbeidarar noko stort tal, seier Siczewski.

Han peikar på at i mange offshorerelaterte byggeprosjekt har einskilde verft i periodar leigd inn fleire hundre og iblant langt over tusen fagarbeidarar.

 

– Når det samtidig er trong for fagarbeidarar i ymse kategoriar som platearbeidarar, sveisarar, røyrleggjarar, elektroinstallatørar og stillasarbeidarar er ikkje 100 totalt noko høgt tal, seier han.

Industribygda Ølensvåg

 – Det var Dymitr Siczewski som først kom på ideen om å starta eige selskap. Han kjem opphavegeleg frå Polen, men har jobba for ymse firma i olje- og gass- og maritim industri, mellom anna som arbeidsformann gjennom mange år. Han viser mellom anna til praksis både i Norge og i Brasil, i prosjekt leia av Statoil/Equinor, Aibel og Kværner.

     

     Siczewski lufta ideen om eige selskap med Andres Kurg, frå Estland, som også har mange år bak seg i petroleumsretta industri her i landet. Både Kurg og Siczewski har mellom anna jobba hos rigg- og skipsverftet Westcon i Ølensvåg i Vindafjord kommune.

 

     I følge dei to gründarane har deira nye selskap alt underteikna ein rammeavtale med nettopp Westcon.

 

     DAP Solutions har sikra seg kontorlokale i industribygda Ølensvåg kor det finst langt fleire industriarbeidsplassar enn fastbuande.

222.jpg

 

Kjenner Aust-Europa

     Kvifor skulle dugande fagarbeidarar velja å bli tilsette i eit flunkande nytt og uprøvd selskap, som DAP Solution?

 – Me kjenner svært godt til arbeidsmarknaden og til dugande fagfolk i mange ulike land, særskilt i Aust-Europa, seier Siczewski, som også legg til at han etter lang arbeidserfaring i olje- og gassindustrien har mange kontaktar i aktuelle bedrifter og miljø.

 

     Medeigar i DAP Solution, Andres Kurg, legg til at ettersom dei begge snakkar russisk vil det letta kommunikasjonen under rekruttering av medarbeidarar frå Aust-Europa.

 – Dessutan kjenner me godt til kvardagen desse lever i og me vil hjelpa dei best mogeleg til rette her i landet og ta godt vare på medarbeidarane våre, seier Kurg. Han legg til at sjølvsagt skal alle som jobbar her i landet lønnast etter norsk tariff og norsk regevelverk.

 

Ingeniøravdeling

     I første omgang satsar DAP Solution på rekruttering og utleige av fagarbeidarar.

 – Me treng kontantstraum til drift og til bygging av verksemda, seier Kurg, som avslører at dei samtidig har ambisjonar om å byggja opp sitt eige konsulent/ingeniørselskap. Denne delen av selskapet skal og leiga ut arbeidskraft og dei er alt i gang med rekruttering av ingeniørar og CNC-operatørar. Gründarane ser dessutan og føre seg at selskapet skal ta på seg planlegging, gjennomføring og leiing av ulike prosjekt.

 

     To ingeniørar, Eduard Zavgorodniy og Olga Zavgorodnia, begge opphaveleg frå Ukraina, er engasjerte i det nye selskapet til å stå for oppbygging av ingeniøravdelinga. Begge har budd i Norge dei siste åtte åra og er nå busette i Ølensvåg. Frå tidlegare har dei røynsle frå mellom anna skipsbygging i Dei sameinte arabiske emirata og frå riggprosjekt hos Westcon i Ølensvåg.

     Til å stå for administrative rutinar og organisering av kontorarbeidet er Marta Mglosiek engasjert. Ho har mellom anna mastergrad innan administrasjon og organisasjon, kjem opphaveleg frå Polen, men er nå busett saman med familien i Ølen.

333.jpg

 

Oppstart i gode tider

 – Me ønskjer å bu i Norge og har funne oss særs godt til rette i Vindafjord der barna våre går i barnehage og trivest, seier Olga Zavgorodnia og held fram:

 

 – Difor ønskjer me å byggja opp vår eiga solide verksemd som skal vera berekraftig langt inn i framtida.

 – Kvifor startar de opp akkurat nå?

 – Førebuingar er blitt gjort i meir eller mindre tre år. Me har nå fått godkjenningar og ISO-sertifisering og sertifisering gjennom Achilles som leverandør til olje- og gassindustrien. Då me starta førebuingane var konjunkturane innan olje- og gassindustrien dårlege. Men nå er oppturen i gang. Den vil me vera med på, seier Andres Kurg, som legg til at dei vil marknadsføra sine tenester overfor dei store verfts- og leverandørbedriftene og til selskap som treng fleire fagfolk til prosjekt offshore.

Written By: THOMAS FØRDE

Photo: THOMAS FØRDE

2 JULY 2019

Original article: PETRO.NO

bottom of page